Vedtekter for Heiarvang Grendalag

 

§ 1 Namn

Namnet til laget er: Heiarvang grendalag.

 

§ 2 Formål

  a) Heiarvang grendalag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar.

b) Laget skal delta aktivt med å drive Heiarvang grendahus i lag med dei andre eigarlaga og

arbeide for å skaffe inntekter til huset.

c) Laget skal være ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt nærmiljø for alle som

bur på nordre Askøy.

d) Laget skal leggje vekt på samarbeid med andre lag og organisasjonar og med kulturavdelinga i

kommunen for å styrkje felles kulturelle og økonomiske formål.

 

§ 3 Medlemskap og årskontingent

a) Alle som har betalt medlemskontingent er medlemar i laget.

b) Det finst to medlemskategoriar; enkeltmedlemskap og familiemedlemskap.

c) Familiemedlemskap omfattar foreldre og alle borna deira opp til og med 17 år.

d) I eitt familiemedlemsskap har alle som har fylt 15 år fulle demokratiske rettar og plikter.

e) Årsmøtet bestemmer storleiken på medlemskontingenten i forbindelse med styret sitt

budsjettforslag.

 

§ 4 Årsmelding

Arbeidet i laget og rekneskapet skal følgje kalendaråret.

 

§ 5 Årsmøtet

5.1 Innkalling.

a) Styret i laget innkallar til årsmøte kvart år. Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen

av mars månad. Tid og stad bestemmes av styret og skal kunngjerast med minst 2 vekers

varsel.

b) Innkallinga skal innehalda dei sakene som skal behandlast på møtet. Årsmøtet kan berre

fatte vedtak i dei sakene som er sett opp på innkallinga.

5.2 Saker

a) Årsmøtet skal behandle styret si årsmelding, revidert rekneskap, styret sitt forslag til

arbeidsprogram og budsjett for komande år, val og eventuelt andre saker som styret legg

fram.

b) Medlemar og nemnder kan komme med forslag til saker til årsmøtet. Forslag må sendast

til styret minst 4 veker før årsmøtet så styret får tid til saksbehandling.

5.3 Gjennomføring

a) Årsmøtet konstituerer seg med godkjenning av innkalling og saksliste, val av ordstyrar,

referent og 2 medlemmer til å stadfeste protokollen.

b) Årsmøtet vel styreleiar for eitt år om gangen, 2 styremedlemar for ein toårsperiode, 2

varamedlemar og revisor for eitt år. I tillegg skal årsmøtet velje 2 medlemar til

Valkomiteen og til andre tillitsverv som til kvar tid er nødvendige.

c) Vedtak i årsmøtet er gyldige med alminneleg fleirtal, med unntak av endringar i

formålsparagrafen som må ha ¾ dels fleirtal.

d) Det er utarbeidd eigne føresegner for gjennomføring av drøftingar, avstemmingar og val.

e) Ekstraordinært årsmøte skal haldast nåe enten årsmøtet, eit lovleg innkalla medlemsmøte

eller minst 1/3 av medlemane krev det.


§ 6 Arbeidet til styret

a) Styret er øvste myndighet i laget mellom årsmøtene.

b) På første møte etter årsmøtet skal styret fordele ansvar og oppgåver seg i mellom.

Dette omfattar val av nestleiar, kasserar, sekretær og eventuelt til andre oppgåver.

c) Varamedlemane skal kallast inn og har rett til å møte på alle styremøtene. Dei har

ikkje stemmerett dersom alle styremedlemane er til stades.

6.4 Styret skal

a) Gjennomføre vedtak som er gjort på årsmøtet.

b) Administrere den daglege leiinga av laget.

c) Forvalte laget sine eigedelar og økonomi på beste måte.

d) Oppnemne personar eller komitear til å løyse ulike oppgåver.

e) Gjennomføre medlemsmøter ved behov.

f) Representere laget i relevante fora.

6.5 Møte- og aktivitetsplanar

Styret skal setje opp møteplan for minst eit halvår om gongen. Styreleiar skal

kalle inn og leie styremøta.

6.6 Økonomistyring

Styret har disposisjonsrett over laget sine midlar. Utbetalingar over 25 000 kroner skal

attesterast av både leiar og kasserar før utbetaling.

6.7 Vedtaksført

Styret er vedtaksført når minst 3 styre- / varamedlemar er til stades, blant desse må

anten leiar eller nestleiar møte. Dersom det er stemmelikheit vert saka avgjort med

møteleiar si dobbeltstemme.

 

§ 7 Vedtektsendringar

Framlegg til vedtektsendringar skal vere kunngjort i innkallinga til årsmøtet. Endring i

vedtektene krev minst 2/3 fleirtal.

 

 Vedteke på stiftelsesmøtet 21. februar 2010