Offentleg forsamlingshus

Publisert av Øyvind Haugland den 17.11.22. Oppdatert 08.08.24.

Heiarvang grendahus er eit offentleg forsamlingshus og leigetakarane pliktar å følgje politivedtektene for Askøy kommune. Det betyr at leigetakar er ansvarleg for 

  •  at arrangementet føl det føremålet som er avtalt
  • å undersøkje med Askøy lensmannskontor om krav til vakthald og anna
  • å søkje ambulerande skjenkeløyve frå Askøy kommune dersom det skal seljast / serverast alkohol
  • å gjere seg kjend med brannforskriftene (IK-forskriften -> finst som plakat på veggen ved kjøkkenet.)

Særskilt brannobjekt 

  • Huset er definert som særskilt brannobjekt. Det betyr at vi pliktar å følgje krav frå branntilsyn og å informere leigetakarane våre om kva brannførebyggjande og branntekniske tiltak som er i huset.

Det er ikkje automatisk brannvarsling i huset.

  • Ved brann skal leigetakar sørgje for at folk evakuerer huset snarast mogleg,
  • ringje Brannvesenet – tlf. 110 og
  • prøve å sløkkje brannen med dei midlane som finst i huset
  • Brannslange (30 meter) finst i skap i trappeoppgangen ved scenen 
  • Brannsløkkingsapparat (skum) er plassert ved scenen og ved naudutgangane i hovudsalen og ved utgangsdørene i kjellarsalen 
  • Brannteppe heng på kjøkenveggen i nærleiken av komfyren 
  • Røykvarslarar er plassert i kjellarsal og i trappeoppgang i sør

Universell utforming med meir

  • Rullestolrampe på østsida av huset
  • Handicaptoalett i kjellaretasjen 
  • Hjartestartar finst på kjøkkenet

Leigetakar kan bli gjort ansvarleg for

  • å dekkje kostnader med å reparere skadeverk i huset som vert gjort under arrangementet. 

Avlysing

  • Dersom leigetakar vil avlyse arrangementet, skal Heiarvang ha beskjed så snart som mogleg. Send helst e-post eller SMS slik at du har dokumentasjon.
  • Pass også på at du får stadfesting frå oss.